lørdag 7. februar 2009

JUNGEL OPPHOLDET VAART 2. TIL 6.FEBRUAR

Jungelturen vaar starta med ein 9 timers busstur til byen Coca paa natta. Vi er glade for at det var natt for vegen var forferdeleg. Smalebruer, stupbratte skraaninger og full fart paa bussen!

Kom til Coca klokka 5 paa morgenen til ein by som ikkje er noko koseleg. Oljeutvinninga i jungelen oedelegger baade naturen og menneska. Prostitusjon, alkohol, colombianere som bruker, selger og smugler narkotika.... Men vi drog vidare til logden Yarina som ligg ca.1 timers tur i kano paa elva Napo. Napo er ei bielv til Amazonas. Elveturen var fantastisk. Men i det fjerne kunne vi sjaa flammane fra oljebroennane, ekkelt.

I Yarina hadde vi spanskundervisning med Cecilie fire timer kvar dag. Cecilie er ein kjempeflink laerer som vi ikkje kan faa takka nok.














Resten av dagane kunne vi fritt bruke til aa delta paa arrangerte turer. Turane maa vere arrangerte for ein dreg ikkje ut i jungelen aleine.
Vaare guider Joce Oscar og Esteban tok oss med paa turer med kano, vi fiska piraya, gjekk turer i jungelen der vi laerte om planter til bruk som medisin og mat. Vi smakte paa sitronmaur (godt!), jakta paa caiman med lommelykt paa natta, fekk sjaa hundrevis av ulike sommerfugler i fantastiske farger, apekatter, frosker, firfisler, edderkopper, tusenbein som lukta som pistasj naar dei ble redd, smaa frosker som kvekker saa hoegt at du ikkje faar sove, sopp som lyser som refleks om natta og mykje, mykje meir.
Vi bodde i ei bambus hytte der vi lett kunne sjaa gjennom veggen, men temperaturen var aldri under 25 varmegrader saa vi fraus aldri!!! Vi hadde ein taratella i taket, kanskje fleire men vi saag berre ein... Den berre landa ved siden av oss paa golvet ein dag vi hadde undervisning. Ikkje noko farleg, men diger og lodden var den! Det vart sport i kven som torde aa ha den paa klaerne sine. Mykje hyl og skrik !
Paa foerehand hadde vi vore litt redde for at det skulle vere mange insekt som beit, men heldigvis tok vi feil. Berre nokre smaa maur som beit litt forsiktig.

Ein dag besoekte vi ein liten quichua familie Francisco, Cristina og Eroba. Dei hadde gifta seg daa han var 15 aar, ho hadde sikkert vaert mykje yngre. Dei hadde no vore gift i 9 aar. Dei bodde i jungelen langt fraa andre folk, hadde ikkje elektrisitet, vaska klaer sine og seg sjoelv i elva og laga mat paa baal inne hytta si. Det var ikkje moebler i hytta, berre ein kano som var delt i to paa langs som vart brukt til stol/sofa. Ikkje bord, ikkje seng. Cristina var gravid i tredje maaned. Naar ho skulle foede skulle dei henge eit taug i taket som ho holdt tak i mens ho skulle sitte paa huk. Utenfor huset sitt hadde dei ein kjempefin hage med mykje frukt, groennsaker og ulike medisinplantar. Dei hadde ogsaa nokre hoener. Francisco hadde sjoel bygd hytta si. Han hadde brukt 5 aar paa den og var veldig stolt. Med god grunn for hytta var fin! Naar barna hans vart saa store skulle dei kunne bygge paa hytte slik at dei fekk den plassen dei trong. Smart loeysing ! Familien var saa glade og fornoeyd med livet sitt, aner selvfoeleg ikkje noko om korleis verden vaar er. Besoeket gjorde sterkt inntrykk paa oss. Cristina serverte oss stekte kakaoboenner foer vi drog til vaart stress og mas. Stekte kakaoboenner er kjempe godt!!

Paa logden hadde dei ein nesten tam tapir. Den hadde faatt navnet Maria. Kvar morgon og kveld kom den for aa faa frukt. Tapir er ein rar skapning , ein mellomting mellom elefant og gris og litt av ein maskot.

Da vi dro tilbake til Coca etter ein uforglemleg veke i jungelen fekk vi eit uvaer verre enn vi nokon gong har opplevd. Torden, lyn og boettevis av regn. Aa krysse elva Napo vart no ein smule farleg. Straumen i elva var kjempesterk, i elva flaut det traer som hadde kjempefart i vatnet, og vi hadde noko som ligna paa redningsvester paa oss, stoevler paa fotan og dessuten sat vi paa stoler i kanoen. Men vi fekk kryssa elva, sjaafoeren Joce Oscar som er innfoedt quichua hadde nok gjort det foer. Han berre smila fraa oere til oere...utrolege folk !
Paa lodgen vart vi kjent med og etterkvart venner med folk fra USA, Australia, Sveits, Ecuador, Norge og Sverige. Vi kan begge tenke oss aa reise til jungelen ein gong til ! Saa roleg dagsrytme, masse gode lukter, fugle og dyrelyder aa sovne til, behageleg teperatur, smilende vakre mennesker .....paradis!


Naa er spanskundervisningen ferdig og vi gleder oss til aa starte paa jobb.

4 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. En SVÆR taratella på ryggen ,trodde ikke Bodil var så tøff!!,imponerende mamma:) Her har du litt og motbevise Bjørnar:)
    Piraja fiske , svære insekter, gærne colombianere, utrolig natur og dyre opplevelser, og en tam Tapir! den turen virka helt utrolig:)Til motsetning har det kommet 1 meter snø her i dag...jaja.. Vi gleder oss til neste rapport fra neste tur iallefal:)
    Hilsen Mogreina gjengen

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Jeg syns du er tøff Bodil! Det der hadde jeg aldri turt!

    SvarSlett